Nye bustadtomter på Kolset

02.06.2021 09:03

Bremanger kommune har ledig 6 bustadtomtar på Kolset. 

Dersom du ynskjer å reservere tomt må du sende skriftleg søknad til Bremanger kommune, pb. 104, 6721 Svelgen eller på epost til post@bremanger.kommune.no.

 

Frå 1.juni 2021 vil tomtar bli tildelt fortløpande. Dersom det er fleire interessentar til same tomten vil fyrst innkomne søknad få reservert tomten, og dersom søknadane kjem samtidig vil tildeling bli avgjort ved loddtrekning.

 

Du kan få reservere tomt for inntil 6 månader i gongen, deretter vil ei eventuell forlenging av reservasjonen vere avhengig av at det ikkje er andre interessentar til tomten. For å få kjøpe tomten må du ha konkrete byggjeplanar, og kommunen har gjenkjøpsrett dersom ikkje byggjeprosessen er starta innan eit år etter tomtekjøpet. 

 

bremanger.kommune.no/aktuelt/nye-bustadtomter-pa-kolset.43539.aspx?fbclid=IwAR1v14y_gkpJxTWPkBH7IObd8L8W_IdNVRtnYBXvRhm161SSLVUuDziOmo0

KVA SKJER I KRINSEN OG BYGDENE RUDNT ?

 

 

 

  

 

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund
kolsetkrins@outlook.com