SKATESTRAUMEN

04.06.2015 06:10

Skatestraumen er navnet på bygda som ligg på sørsida av Rugsundøy. Stadnamn i Skatestraumen er Haukedalen, Nygård, Hamnen, Gloføykje, Tongane. Postnummer 6719, og poststad Skatestraumen. Bygda utgjer stranda ut mot skipsleia i Fåfjorden. Til postnummer høyrer også to småbygder på Bremangerlandet, Hunskår og Klubben.


På Gloføykje ligg tusenårsstaden i Bremanger kommune. Her har man også funnet spor av dei største busetnadene i Sør-Noreg i steinalderen. Her har bygdefolket også opparbeida ein flott badestrand dei fortsatt jobbar med å utvide / utvikle. Ved badestranda er også ein rasteplass som er populær spesielt for bobilturistar. Eit fantastisk skue over Hornelen frå denne staden.


Bygda kan ellers by på gode forhold for jakt-, fiske-, bade-, og turopplevingar. Heilt vest på øya er kystfortet Tongane som vart bygd av tyskarane, og som var sterkt delaktig i Måløyraidet (Operation Archery) under 2.verdskrig.


Skatestraumen og Rugsundøy vart bunde til fastlandet med Rugsundbrua i 2002. Samtidig opna også Sogn og Fjordanes einaste undersjøiske tunnel, Skatestraumtunnelen, som binder Rugsundøy og Bremangerlandet saman. Den går 80 meter under havet, og er 1895 meter lang.


Spredt busetnad.

               Skatestraumen                                Hurtigruta og Hornelen

             Gloføykje                                           Tongane


Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund